Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
133
kaffi-stova i Oslo: «Når bondeungdomen kjem til byen,
møter han all stad kravet: ver som oss! snakk som oss!
klæ deg som oss! te deg som oss! Og det ser ut til at
bonde-ungdomen freistar stetta det kravet; det kan vi
sjå på gutar og gjenter her i kveld! Men no vil vi ha ein
stad i Oslo der det lyder til bonde-ungdomen: ver deg
sjølv!»
#
Det var fyrste upptaket til dei nynorske kaffi-stovene
som hev breidt seg ut yver heile landet.
Norsk stil i hus-bunad og klæde-bunad, norsk kost, og
norskt mål — skulde her vera sjølvsagt. Diverre var
det ikkje alle stader det kravet vart stetta.
Bjørn Bjørnson skreiv i eit blad: han var komen upp
på ei kaffi-stova i ein by og spurde etter «rømme-kolle», og
fekk til svar av den nasjonal-klædde gjenta: vi har ikke
melk! han fann med rette at det høvde ille å danska i det
miljøet.
Men stort set hev kaffi-stovene vorte samlings-stader
for målmenn og for bonde-ungdom. Det var ein
kongstanke Chr. Bruun bar fram den kvelden.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>