Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
68
Eit tridje foredrag eg heldt um att og um att for norsk
ungdom, heitte «Elskhug og giftarmål».
«Er De nå ute med elskhugen Deres igjen?» spurde
ein kollega.
Ja eg vart aldri trøytt av å rett-leida ungdomen i dette
grunn-leggjande livs-spursmålet.
Eg tykte synd på ungdomen vår.
Lite hadde han lært å tukta seg sjølv.
Den nyare barne-uppseding hev ale fram ein
sjølv-kjær og kravfull ungdom, som set store krav til andre og
småe krav til seg sjølve.
Ein sovoren ungdom er lite budd til å gå inn i livsens
strid.
Dessutan fær ungdomen høyra, i foredrag og ordskifte,
at det er kvar ungdoms rett å stetta driftslivet, utan
«hemninger».
Diktarar og andre bokskrivarar nører den styrelause
elden i ungdoms-kroppen.
Var det ikkje turvande å visa veg for ungdomen?
visa at dei kan gå til Gud med alt, med freistingar og
vanskar, Gud kan hjelpa kvar einaste ung-gut til å leva
eit reint ungdoms-liv.
«Me er ånds-skapningar me menneske.»
Driftene skal ikkje spela seg fritt! dei skal tena livet.
Manna-åndi vinn tukta kroppen hjå friske og sunne
ung-domar.
•
På hi sida fekk ungdomen høyra tankelaus fordøming
av ungdomslivet i det heile.
Det er ikkje fritt anna kristne menneske hev kalla alt
ungdomsliv for synd. Dei tek alt under eitt. Dei skil ikkje millom
det som beint fram er synd, og det som kan verta synd.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>