Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
175
sin vei!» Elles let bispen karane driva på til dei var ferdige.
Då tok han ordet: «Vet I hvad det er for en ånd I taler av?
Det er ikke Guds ånd. Det er ikke Jesu ånd. Fy hvor
stygge dere er mot presten deres!»
Prosten hev fortalt meg soga; han la til: så myndig
har jeg aldri hørt en biskop tale til legfolket!
#
Eg kom seinare til same bygdi. Dei hadde fenge ein
ny prest då. Han fortalde: dei hadde ein sundag stima
ikring han utanfor kyrkja og teke på han for di han i
preiki si hadde sagt: du som er ugras, du kan verta kveite.
«Det skal du taga i deg att! ugras kan aldri verta kveite!»
Nei, presten vilde ikkje ta det i seg att. «Ja då skal Guds
folk slutta å gå i kyrkja!» Eg fortalde det til biskop
Schjelderup. «Å de er så skriftkloke disse legmennene,» sa
han.
•
Det er når kristendomen vantar sol, det er då
kristendomen vert myrk og sur.
Eg møtte slike sure kristne både millom prestar og
millom lekfolk.
Ein prest svara meg då eg bad å få preika i kyrkja
hans: «Jeg forstår ikke hvad der er ved herværende
menighets-forhold i almindelighet eller ved min
forkynnelse i særdeleshed som gjør det nødvendig eller
ønskelig å innføre fremmede talere.»
Ein annan prest kalla Hognestad og meg for
«proben-røytere».
Ein bergensar som var prest på Austlandet, svara på
søknaden min: «Eg beklager møkke at eg ikkje kan gje
Dokker kjerken.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>