Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«NORGES LAND OG FOLK»
og tenkjing. Han gjev sjølv det rikaste tilskot til «samlingi». So hev
han inkje berre organisera verkjet, men bygt det, so det er hans arkitektur
og stil. Stilen er so kjenneleg: like paa realiteten, paa faktum, handfast
og klaart utan umsveip. Og det at han personleg hev seet og granska
so mange ting paa aastaden, gjev framstellingi ein greileik og djervskap,
ein friskleik og eit liv, som aldri kan vinnast av berre boklærdom.
Det hev vore sagt, at verket er inkje fullt sikkert i detaljarne. Um
det seigjer Helland sjølv i fyreordet til det fyrste bandet han gav ut
um Uttrøndelags fylkje: «Hvor der skal sammenhobes kjendsgjerninger
gjennen to bind, som tilfældet er her, kan vildfarelser og feiltagelser ikke
godt undgaaes; og det er kun at haabe, at unøiagtighederne ikke er for
mange og feilene ikke for vildledende.» Somtid er uppgaavurne og kjel*
lurne usikre og samstavar inkje, andre tider er det nye ting og brigde
(t. d. nye vegjer, bruer og sovore), som hev kome til, so det er mange
grunnar til at det kan ha kome med smaafeil, som sidan maa rettast.
Men det er smaatt og inkje aa reikna mot hovudsaki, at verket gjev so
mykje, eg hadde nær sagt alting, um fylkje og land so umtenkt sett
saman og so utførleg framlagt. Det er eit nationalverk, ei rik og
uttømande kjella, som me kanausa av til upplysing og kunnskap um vaar
fedraheim.
Verkjet er rikt ogso paa gode kort fraa Den geografiske uppmaalingi:
Mesteparten av fylkji i maal 1:400 000, Finnmark 1 : 500 000, Vestfold
1 : 100 000 (rektangelkortet) og i Haalogalands fylkje (Nordland) eit kort
yver heile Nordnorig (Nissens kort) i maal 1 : 1 000 000. Bykorti er i
maal 1 : 10 000. Yver dei 2 store bræarne er der serkort: Jostedalsbræi
1:200000 og Svartisen 1:100000. Forutan det sers gode fylkeskortet yver
Finnmark, utarbeidt av Den geogr. uppmaalingi, so er der eit fint avprent
av «Kart over Finmarken med tilstødende dele af Sverige, Finland og
Rusland, visende de svenske pretensioner før traktaten af 1751 og det
russiske fællesland før 1826, udarbeidet af T. Knoff og F. C. Knoff paa
offentlig foranstaltning i aarene 1747 og 1748».
Kvart bind hev framme ei innhaldslista og i enden av siste bandet
um kvart fylkje er der ei namnelista (stedregister), som gjer det lett aa
nytta bøkerne. Naar verkjet vert avslutta, maa me faa ei saklista til ret=
leiding um dei upplysingar me søkjer i verket. Eg veit at dette ligg i
Hellands plan.
Det er inkje underlegt at folk i dei fem fylkji som hadde fengje si
bok fyrr Helland tok paa, tykkjer dei hev kome i skuggjen. Det hev
vore framhalde i Stortinget at Helland lyt gjera urnatt desse 5 fylkjes*
63
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>