Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Um det ikkje var kongekrunor det galdt, so
kunde det då vera heim og gardar, helse og
livs-lagnad for mange.
Då far min kaupte garden i 50-åri dyrka han
upp hundrad mål ny jord der, og då vart det
pløygd upp både våpen, metalspenne og
manna-bein, ettersom segni gjekk i min barndom. Dei
siste var vei likso gjerne frå kyrkjegarden der,
som etter bardagen med Sverre.
Men eg fekk lite godt av den historiske
fødegården min. Fyrr eg var so stor at eg kunde sjå
og skyna skilnad på by og land, vart eg flutt
med mor mi til Hamar, og far reiste til
hovud-staden med dei tvo eldste systerne mine, Martha
Elida og Sophie Wilhelmine.
Sjølv var eg lukkeleg uvitande um den
katastrofen som flutte meg frå ein av dei vakraste
gardane i den herlege Stange-bygdi til eit trongt
rom i den nye stiftstaden. Men det kom år og
dagar då eg fekk vita meir enn eg lyste um
alt-saman.
Etter ei tid som gjorde det lett for sume å
tene pengar og endå lettare å øyde dei, kom
ulukka. Hypotekbanken kom alt dengongen til
å eige fleire gardar enn godt var. Og um den
gamle lendermannsgarden Saastad hev eg i eit
gamalt blad funne denne lysingi:
"Mandag Ilte Marts 1867 Auktion over
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>