- Project Runeberg -  Barndomsminne /
21

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg kasta meg på den vesle barnesofaen eg
hadde fenge med frå Saastad og fekk ei gråteri
som skremde dei vaksne. Denne sofaen var
liksom huse mitt og venen min. Han var so
vakkert utskoren i tjukk mahogni — av ein
bots-fengselsfange sa dei — og akkurat so lang, at eg
kunde krabbe meg uppi han og gøyme meg for
heile verdi når eg kjende meg åleine og gløymd
av gud og menneskje. Slike kjenslor kunde ofte
yvivelde meg, so eg mest miste sans og samling.
Og no var det rådlaust å stagga meg. Eg vilde
burt! Alle var slemme. Eg vilde til Arstad, til
Arstad!

Mor var ikkje heime, og Siri Selmer, som
skulde sjå til meg, vart tilsist vond.

"Ja, du skal kåmmå til Arstad, ditt forgjolede
trøll," sa ho, "og det på flygendes flekken!" Men
fyrst skulde eg ha mat, meinte ho. Men eg vilde
ikkje ha maten ho laga til åt meg. Det var for
lite smør på brøde. Hæ, for lite smør! Eg måtte
vera glad eg fekk noko. Ein skulde helst berre
sjå på smøre som ’a Sidsel Stubbrud, og aldri
ta no ta det, so hadde ein smør stødt! Hæ — det
æ ingen som ha låvå oss no gjest’bod her i vær’n.

Elles var eg ei pirke i maten, so mykje eg
visste det! "Og det vesle du et flyg du ta dei,
og vert skrinn som ein skjor-veng. Berre et no,
so du kain bi emne tel ei fullgards-kjering med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free