- Project Runeberg -  Barndomsminne /
23

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til Eskerud var det ikkje so lett å koma. Me
måtte passe på å få båtskyss dit. Og Mjøsa
kunde "rese bust" so det var stygt stundom.

Eg minnest ein slik båt-tur millom Hamar
og øyi. Det var ruskevér då me la frå land
utan-for bakar Solberg i Strandgata, og verre vart det
etter kvart.

Då eg stod på strondi og såg over mot øyi,
tykte eg det var ikkje lang stubben dit. Men di
lenger me rodde, di lenger gleid ho inn i
Toten-lande, og snart var det like langt både att og
fram. Aldri hadde eg visst at Mjøsa var so
endelaust breid. Og det bles og regnde, himmelen vart
svartare og svartare og tjukke skybunkar hekk
som tunge myrke forheng radt ned i fjorden.

Båten svinga seg og dansa på kvite
båretop-par so den store mannen som rodde snaut kunde
styre’n. Eg la meg livredd ned og stira inn i
kave. Og eg ser enno for meg koss den kvite
Neskyrkja sume gonger var radt uppunder
himmelen og so sokk ned i ein svart avgrunn.

Då me endeleg kom til land, var eg halvdaud
av sjøsjuke.

Men sat eg fyrst i stova hjå "Mor med
rømmen", den snilde Æli Ørskjerud, som var komen
frå Saastad, so var alt vondt gløymt.

På Ørskjerud er det gåsedammen og fjøse
eg minnest best. Det var so herleg å sanke fange

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free