Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein skulekammerat eg råka att på Hamar, då
me båe var gamle, fortalde meg mykje um Brock
frå den tidi han fann si Elisabeth. Ho skulde ha
vore ei vedunderleg fager kvinne, og ein gong
hadde han ride i ring kring henne gong på gong
og ropa namne hennar i rein ekstase.
Ein riddar frå romantikkens tid.
*
Det var i Bayheimen eg fyrste gong høyrde
um far, at han var ein "skarp jurist". Det
høyr-dest fælt ut for ein femåring, og eg våga aldri
spyrje kva det var for slag. Det var slikt ein
måtte gøyme og gløyme saman med alt anna
ein ikkje skyna.
No veit eg, at han tok til som "amtskontorist"
og sidan vart sakførar. I Hamar Budstikke skreiv
han i 1856 ei rekkje artiklar um "Fortolkning
av den nye lagretteslov." Han hjelpte elles Seire
gonger til i redaksjonen.
Det hev vore i Bays tid far var amtskontorist,
og soleis var det vei at gamle Bay tok seg so
faderleg av meg. Ja, eg fekk altid høyre, at
futen "skjemte mig bort". Og visst er det, at både
"gamle-futen" og den konstituerte futen Scheel
og huslyden hans var snilde og ofte tok meg inn
i futegarden på Høiensalsodden. Eit minne um
gamle-futen hev sett seg fast i meg for live.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0037.html