- Project Runeberg -  Barndomsminne /
38

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

folk tykte det var meir enn rart, at ho vilde ha
so liten ein mann.

Eg var elles kjend mest i kvar heim i
Strandgata, og var ikkje nett einsleg um mor var burte.
Men Eline Solberg og bror hennar tok seg nok
mest av meg. Solberg var raud og kvit og rund
og hadde svart krulla hår, og nest etter Ferdinand
og Bay hadde eg ikkje vore so glad i nokon som
i Solberg. Han hadde båt, og um sundagane var
me ofte på landturar. Ofte berre utpå
Tjuvholmen, som dengongen ikkje var landfast. Der var
fin skog og reint og vakkert, ikkje søppelhaugar
som no.

Ikkje trong me stor utrusting til ein landtur
i den tidi. "Spleise til potøl og ture med mjølk,"
sa Eline. Og jamen var mor og eg eingong på
landtur til Storhamar med kaldgraut i eit fat og
ei mjølkeflaske og hadde det godt i solbakken.
Eg laga blomekrans kring fate som var innknytt
i kvit duk, og prydde grauten med nyplukka
jordber. So fest var det — og herrekost.

Men når me var utrusta frå Solberg, kom det
nok fram både vørterkake og bollar. Ja
"okse-auer" med stundom. Desse landturane var vår
største moro. Og ingen var som Eline til å finne
på og duke upp festbord.

Ja, Eline Solberg var snild, og ofte fekk ho
høyre det. "Ja deffer vart je så tidlig gift", lo ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free