Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og Capsella bursa pastoris vart som eit lite vers
eg lenge sette tonar til kvar vår, når blå- og
kvitsymre stakk hovudi upp inni bladkransen.
Enno idag minner fyrste blåveisen meg livande
um sæle vårdagar ved Storhamar-vegen. Og ingen
songar song eg oftare i ungdomsåri, enn Ivar
Aasens Symrasongar, som Sinding hev sett so
herlege tonar til.
"Symra teiknar til sumars bil,
um våren tidleg ho blømer;
men fleire blomar må koma til
når kulden or markom rømer.
Aldri fann eg seinare slik ynde i noko vårvers
som i dette av Aasen og Sinding. Gjenom dikt
og tonar spinn det seg trådar frå barndom til
alderdoms dagar.
Men det eg lærde av botanik i Oslo etter eg
kom på skulen der, hev eg gløymt altihop. Likso
med teikning. Då eg der vart sett til å teikne
firkantar, cirklar, polygonar og anna, miste eg
all hug til teikning. Eg lengta etter Gløersens
"fortegnings-mapper". Der var eg tilsist nådd til
dei "helschatterte", med romantiske borgar- og
bondeidyllar.
"Nord i byen" var absolut det finaste av
Hamar i mi tid. Det var liksom litt av glansen frå
det gamle Storhamar enno låg yvi Høiensalod-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>