- Project Runeberg -  Barndomsminne /
72

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på Sæhli, storgarden i Vang, der kultur og
rikdom hadde skapt ein heim, som visseleg var
millom dei fornæmste i Mjøsbygdene. Eg minnest
sovidt Andreas Sæhli, verkseigaren1 og
storbonden, adelsmann i beste meining av orde. Og frå
det balle minnest eg ogso fru Sæhli, ei staut og
vakker dame. Ho vann oss alle med den
hugta-kande måten ho tok imot kvar og ein av oss på og
delte ut gåvor frå joletree midt i den store
dansesalen. Den største eg hev set på ein norsk gard.2

Eg gledde meg so til det balle, det fyrste og
siste barneball eg var på, at eg var klædd mange
timar fyrr hesten med den store sluffa skulde
koma og hente nokre av oss. Tilsist lurde eg meg
til å stille fram klokka eit gran.

Og det vart eit ugløymande eventyr, endå eg
ogso hadde ei av mine store barnesorger ved
det høve.

Mor hadde sydd ny kjole til meg av kvit- og
blåblomut sirts, men skor kunde eg ikkje få.
tilsist hadde eg vale millom å gå i mors
snøre-støvlar, eller bli heime.

Men bli heime hadde vore døden. So fekk eg
nye raude lisser i støvlane og drog dei
smågrå-tande på.

1 Det var brenneri på Sæhli.

* Salen på Sæhli stend enno som dengongen med sine
silkesofaer og store Ijoskrunor.

72

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free