Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
brandsdalen. Men det minste huse, ei liti
tøm-merstugu låg halvveges i sjølve bakken so det
gjekk eit par troppesteg frå peisstova upp til
eit lite gjestekammers med glas ut mot grøne
småskogen. Det var aldri heilt dagsljos derinne,
men alle ting låg i eit løyndomsfullt grønskjær
mest som på havsens botn.
Midt imot døri stod ein gamal bjørketres
komode med kvit hekleduk og eit rart syskrin
med spegil og små lysande skjeljar på löke. I
det skrine gøymde gamle mor Sangen nokre
brev, som ho eingong tok fram og viste mor.
Og med’ mor las, sat den gamle og rugga att
og fram og mulla "Å stakars folk, å stakars folk!
A herregud, å stakars folk!"
Det var liksom den avgrunnsdjupe vesle
summen av all hennar livsrøynsle. Det var synd i
alle menneskje.
Men det som mest fanga hugen min i det
vesle kammerse på Sangen, var nokre gamle,
rustne sverd som hekk på veggen yvi komoden.
Dei skulde nok vera uppgravne på garden.
Sangen hadde, liksom Sagatun, høyrt
Storhamar til. Og det gamle bispesæte var eingong
eit storpolitisk centrum. Svenskar og danskar
slost um herrevelde der, ribbungar, baglar og
birkebeinar, heidne og kristne, papistar og
pro-testantar hev dreve sitt spel der i gamal tid.
75
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>