Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med dotter si. Likevel sat dei lenge i fred der.
Barne, Anne Marie, voks upp og vart gift med
Villiam Jølstad1, som soleis vart mann på Sangen.
Han var burte i mi tid; fyrste vendingi av
tra-gedia vart utspela, då han hengde seg på
svalgangen i det gamle huse. Men siste vart utspela
etter me var flutt frå Hamar.
Det byrja med at ein ny eigar av Storhamar
fekk mor Sangen og den aldruge dotter hennar
ut. Men so gjekk det politik i saki; vinstre i
bygdi tok parti for enkja, og det vart ein
namngjeten process.
Men enkja tapte. Ho hadde ikkje dei
naud-synte papiri, stakar.
Og so vart Aftensangen stykkja ut til tufter
for byhus.
Dermed var den soga ute. Men gamle folk
talar enno um den "lange og uhyggelige"
processen.
Soga til den gamle Storhamar-garden er
idet-heile full av dramatiske umskiftingar. "Kongeleg
ladegård", bispegård, lensherre-gard, som
bøn-dane måtte leggje skatt til (Hamarskatten), og
sidan i ei lang rad private hendar. Ogso Sagatun
var kaupt undav Storhamar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>