- Project Runeberg -  Barndomsminne /
83

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mang ein song vart dikta til dei fyrste
damp-båtane på Mjøsa. Ja, til "Jernbarden" dikta
sjølve Henrik Wergeland.

’"Held dig, Vidundersnekke
på Mjøsens stolte Fjord —

lyfte dermed for fyrste gong Mjøsbygdene upp
i poesiens rike.

Men ingen diktar song um den idylliske
jarn-vegen som slanga seg gjenom Vang og Romedal
og skapte svingom uti bondeskikken!

Var ikkje det mest likso stort vedunder?

Fyrste tidi stogga det dampande og frøsande
utyske viljugt mest ved kvar større gard og heiv
av mjøl- og saltsekker, spikarkassor og
sukkertoppar. Men alt i 1866 vart det utsend ei melding
um at vareeigarar for framtidi ikkje måtte gjera
rekning på "tilladelse til at læsse av eller paa
jernbanevognene mellem jernbanens stationer
eller stoppesteder."

Dette smakte nok ikkje bygdefolke, og det
drygde ei tid fyrr dei kunde venja seg til denne
ordningi.

Sjølvsagt var eg vill etter å få køyre med
denne vedunder-doningen. Men det var dyr
skyss og ikkje lite fårleg, sa folk. Og so måtte eg
slå den draumen av hovude.

83

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free