Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
"Her er ’a Vilhelma og vil leike med dei,"
sa ho. Og ikkje fyrr hadde ho sagt det, so kom
det ei hulder til inn på den vesle stigen. Ho
hadde blå kjole, og endå meir og endå ljosare
hår enn den fyrste.
Det var mitt fyrste møte med Vilhelma og
Bergljot Dreier på Harstad. Og det vart leik
kvar dag inni skogen med song og forteljing
og skryt og skrønor; og me vart slike vener, at
eg snart måtte vera med dei heim til Harstad.
Men mest heldt me oss i eventyrskogen.
Stundom kom ogso den eldste, Lulla, og var
med ei stund. Men ho var alt mest ei dame og
var svært ålvorsam. Ho sa det var "dumt å le".
Og me freista alle å la vera, men gav det upp
heller fort. For me var låttmilde som berre
backfischar kann vera. (Skulde ikkje åkjyte vera
god norsk avløysar for dette tyske orde? Åkjyte
er ein fisk i konfirmasjonsalderen1 — det hev eg
allvisst trudd sidan eg fiska i olderskogen på
Skansen).
So kom den dagen dei henta meg til Harstad,
der fru Dreier tok hjarteleg imot meg.
Slik måtte ei dronning sjå ut!
Ei svær ljos hårflette låg i ring høgt uppå
hovude som ei gull-krune. Og ho var so stor
liksom, og bar hovude so høgt.
1 Kan kanskje vera aure-yngel, åkot, kjøe ?
86
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>