- Project Runeberg -  Barndomsminne /
108

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

herlegaste eventyr-bunad. Og då måtte eg for
tridje gongen i mitt liv til fotografen.

Snart vart det elles mote for smågjentone på
Hamar å få seg "Nasjonaldragt". Og med det
meinte me Hardingbunad. At det fanst andre
bygdebunader i lande drøymde me ikkje um.

Men ein dag fekk eg ogso sjå ein kar i
"bonde-bunad" på Strandgata. Det var ein underleg selle
i grå vadmålsklæde og raud topphuve og skreppe
på ryggen. Han gjekk og skauv på for ei gamal
kjering som drog ein tung skuli-dunk1 på ein
kjelke.

Eg sat i vindauga og såg på dette upptoge,
og fekk vita, at karen heitte Christopher Bruun
og høyrde med til Sagatunfolki. Det var eit
livande bilæte av folkehøgskulens
nasjonaldemokratiske ånd.

Desse uendeleg umstridde skulane vart
romantikkens og demokratiets faste borgar i Noreg.
Og med elevane som gjekk ut derifrå kom dei
nye ideane med sin "glade kristendom" brusande
liksom på ljosvengjer og sopte ut den svarte
pietismen.

Det er forvitneleg no å lese ei bok som
Andreas Austlid’s "Salt frå folkehøgskulen". Det
var eit stort nybrotsarbeid, og den barnlege tru
og eldhug hjå desse Grundtvig-apostlane var

1 Skuli-dunk: ein dunk med skyljer (grisemat).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free