Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vriste fra hjæmmet giften,
række den renere ild,
vække til varme driften
som lå der og ei slåp til1.
Desse versi av Bjønsons dikt er so
karakteristiske for den grundtvigianske ånd og for
Bjørnson sjølv, at eg måtte ta dei med her —
mange hev sikkert no gløymt dei.
Og ein dag kom Gløersen med ei stor tidend
til oss på skulen. Dei som hadde hug kunde få
tene penger med å laga fyrstikk-askar!
Mange av oss tok med glede mot tilbode, og
me fekk med oss heim det tunne, tilskorne
tre-vyrke og ein blokk — pålag som ein liten
"sy-skruve" til å feste på borde. Og so klistra me
asken ihop på blokken.
Det var stor moro! Og dertil pengar å tene!
Det reine eventyr. Men diverre vart eventyre
stutt. Namnet Ankerløkka på den bydelen der
fabrikken låg, er no einaste minne um han.
At Gløersen fekk elevane sine til å laga
fyrstikk-askar og Bjørnson skreiv uppsong for
Hamar-fyrstikkene synte eit samhald millom
Grundtvigfolki, som lenge var styrken deira.
Hamar fyrstikk-fabrikk vart menighetssak
lik-sovel som skulane.
Eg for min part tente meg eit kjol’emne på
1 Prenta i Verdens Gang i 1877.
8 — Garborg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>