- Project Runeberg -  Barndomsminne /
116

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var med eit par gonger. Og på Grundset-marken
hadde han ei bud med sylvsaker, som lokka og
lyste. Og ein gong tok han Paula og meg med
ditupp. Det vart sjølvsagt ei ugløymande og heilt
ny røynsle. Me såg so mykje merkelegt på desse
tvo dagane, at me liksom var mange år eldre då
me reiste nedyvi att. Skildringi frå
"Grundset-marken" i boki mi "Når heggen blomstrer" er

mykje bygd på inntrykk frå denne turen.

*



I småklassane hjå Gløersen bruka me fyrste
delen av Eriksen og Paulsens lesebok. Enno hev
eg eit vælnytta eksemplar av denne boki, som eg
var so glad i. Ho kosta 24 skilling, var prenta i
68,1 so ho var heilt ny den gongen. "Ole Lukøie",
"Bukken og grisen", "Bjørnen" og "Hane og
høne" var fyrste versi eg lærde utaboks, og eg
hev aldri gløymt dei sidan.

Um me bruka andre bande av same boki i
dei høgre klassane minnest eg ikkje. Men eg
hadde lenge Thues Læsebog i modersmålet for
norske og danske 2 — kor eg no hadde fengje ho
frå. Vonleg låg ho i den blå kista frå Saastad.
Boki er burte no, men kista hev fylgt meg under
alle livsens umskifte og kann gå i arv i mange

1 Hjå W. C. Fabritius, Kristiania.

1 Prenta 1846 hjå A. D. Wulfsberg, Kristiania.

116

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free