Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hovude fram ogso på Hamar. Eg høyrde fyrste
barneåri mine, at ein "fæl mann" dei kalla Vinje
hadde vore på Hamar. Han tala "bondemål" og
gjorde narr av alle skikkelege folk, sa dei.1
Og på Jønsrudsalen vart det halde møte um
"Maalstrævet" med foredrag av seminarstyrar
Hertzberg. Og der møtte både prestar og
lær-arar, og sjølvsagt elevar frå seminare2 og
Sagatun.
Og som eg fyrr hev nemnt citerte Gløersen
stundom Ivar Aasen for oss.
Men elles merka me barn meir til striden
millom "lesarane", dei ortodokse som sokna til
seminare i Saxes tid, og "fritænkerne" som desse
heilage kalla Grundtvigs-folki.
At striden millom den Caspari-Johnsonske
fylkingen og grundtvigianarane sette merke i
umgangslive er naturleg, men eg for min del
tumla meg like godt i båe lægri, for mor hadde
lite interesse for nokon av partane — avgjerande
minst for de "hellige", som ho kunde kritisere
nokso skarpt. Ho tykte ikkje dei synte seg betre
enn dei andre i noko. At far var heil rasjonalist
og "korkje trudde på gud eller fanden" fekk eg
ofte høyre av dei som stod han imot. Det tykte
1 24. 4. 68 stod ein tale på landsmål av Vinje i "Hamar
Budstikke".
2 "Hamar Skolelærerseminarium", som det vart skrive,
120
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>