Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gata og syster til professor Hjalmar Falk. Han
hugsar eg ikkje frå dengongen, men møtte han
seinare i live, og det synte seg då at me hadde
sams minne frå barndomslive på Hamar.
Falkgarden var eit paradis for born med alle
pakk-budine og rare rom og kaupmanns-greior.
I bakgarden var ein stor gamal trebygning, som
såg ut til å ha vore ei løe eller noko slikt, og i
andre høgdi der, eit retteleg kaupmanns-loft med
ei verd av pakk-kassor og rare ting. Der fekk me
drive vårt spel i herleg fridom.
Desse gamle gards-interiøri på Hamar var
idet-heile forvitnelege og heimehuglege. Makelause
leikeplassar. Og folk hadde slikt tolmod med
born dengongen. Me høyrde liksom naturleg til
alle stader. Ingen hadde so annvint at dei ikkje
prata og fjasa litt med oss. Der var bakerier og
bryggerhus, og utanfor veggjene stod kokt
sukker på plåtor og skulde stivne. Og me ungane
fekk "skrape plåta", når sukkere var utteke.
"Kokt sukker" var vanleg kaffisukker til
kvar-dags; "kvitsukker" var nok mest for storfolke det.
Og inni alle desse tun (eller gardsrom) høyrde
ogso ymse husdyr med i bilæte. Der var ofte både
stall og fjøs, og griser rusla lause ikring og kosa
seg millom alt herlegt avfall frå kassor, mjølsekkar
og anna som fylgde med kaupmanns- og
verk-stad-drift.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>