Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
10
som ber barnet sitt fram til døypefonten og meiner
ingen ting ålvorleg med det. Eg vil ikkje snakkn um
brudpar som kjem upp til altaret og bøygjer kne der,
og so fer heim og turar eit syndigt brudlaup!
Kva trur du Gud tykkjer um so vore? Du kan veta
at Gud ansar ikkje slike offer som berre er for syn skuld
eller for skikken skuld. Skikken er bra nok. Men hjarta
må vera ærlegt og ope mot Gud.
*
Kain vart sint då han skyna at Abel vart nummer
ein. Han vart ovundsjuk, kjenner du det ordet? Det
er ein fæl sjukdom det!
Gud likar ikkje gutar som er viktige. Minnest du
Øyvind, ein glad gut, som Bjørnson fortel um? Han
gjekk for presten, og las og streva hardt for di han
vilde stå nummer ein på kyrkjegolvet. Gamle Bård
skulemeister skyna dette var gale for Øyvind. Dei
som er viktige, dei veks ikkje dei, ser du. So tok han
Øyvind i skule: trur du at du med eit so vore hjarta
kan møta ærleg fram til konfirmasjon på sundag?
Nei, sa Øyvind. Han bøygde seg, og takka til at han
fekk lov å vera med, um han so skulde stå langt nede.
Det veit du Kain og burde gjort. Gud tok han
kjærleg i skule: kva slags hjartelag er det du hev, Kain!
Kvifor er du sint? Gud vilde få han til å lyfta augo
til himmelen. Men Kain gjekk og skjegla nedfyre seg.
Augo speglar hjartelaget, hev du set det? Fy so stygge
augo vert når vonde tankar rår i hugen! «Hev du godt
i tankar, so kan du lyfta augo upp!» segjer Gud til
Kain; «men hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi
framfyre døri og lurer!»
Eg kan eit framifrå ordtak som eg vil læra deg:
vonde tankar skal ein møta på dørstokken. Kan du
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0012.html