- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
16

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

16

Heile sitt liv såg hart i eit nytt ljos: «No fær eg hausta
det eg hev sått! Å kor ille eg hev stelt meg! Jamt
hev eg gjenge mine eigne vegar i staden for å fylgja
Guds veg.» For fyrste gong i sitt liv tek han for ålvor
til å be til Gud. Det gjekk so hardt at han naudbad
Gud: eg slepper deg ikkje fyrr du velsignar meg!
Den notti vart Jakob umvend. Difor fekk han eit nytt
namn: Israel, den som strider med Gud. Han fekk
eit nytt namn; han skulde verta eit nytt menneske:
heretter skulde han ikkje lura seg fram, hål og sløg
som fyrr, heretter skulde han be: ber meg på dine
hender! vis meg den rette veg! Han skulde stri med
Gud i bøn, og vinna alt av Guds nåde.

Eg hev sagt til konfirmantane mine: Gud gjeve
de ikkje må stella dykk som Jakob, so de må sleppa
å gå igjenom so hard ei umvending! Det gjekk på
vetet laust. Eg veit um fleire menneske som hev
gjenge frå vetet då samvetet vakna og heldt domedag
yver dei. Her sit folk i sinnssjukehus av den grunn.
Og det er ikkje å undrast på: når ein Jakob fær sjå
korleis han hev fare åt, då vert han ifrå seg sjølv av
anger og angest.

*



Gud var god mot Jakob. Han tilgav han. Og han
velsigna hau. Men fylgjene av det vonde han hadde
gjort fekk han dragast med heile sitt liv. Han fekk
ein ulukkeleg heim med dei tvo konene. Dei var
ovund-sjuke på kvarandre. Lea såg at Jakob var gladast i
Eakel. Rakel misunnte Lea at ho fekk so mange søner.
Trætta og kjefting var det stødt millom dei. Når
Jakob kom heim, fekk han høyra det. Sanneleg hadde
han bunde ris til sitt eige bak!

Etter han var umvend, bar han det med audmjukt
tolmod. Men usemja millom Lea og Rakel kom att

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free