- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
21

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21

speidargutar og speidargjenter: gjer det beste ut av
alt! gjer det beste ut av motgang og møda! gjer meir
enn di plikt! stell med alt som um du sjølv åtte det!
ver ein solstråle der du ferdast, so du spreider
solskin ikring deg! so vert du sjølv lukkeleg. Slik ein
solstråle var Josef den morgonen han fann skjenkjaren
og bakaren i ulag. Han fekk dei til å opna seg og
jortelja suti si; berre det var ein lette for dei, kan du
tru. Og so fekk Josef hjelpa dei.

Du minnest han bad skjenkjaren: kjære vene,
gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kan verta fri!
eg hev ikkje gjort noko som dei skulde setja meg i
fangeholet for. Ja, men kvifor let Gud han koma der
då? Jau Gud tenkte alt til det gode. Fyrst lærde Josef
å verta tolug og audmjuk. Og so førde Gud det slik at
fangetårnet vart uppvegen hans.

Vi lyt alle mange vender lida vondt her i verdi:
noko for vår eigi skuld, noko uforskyldt. Vi heng ihop
soleis: den eine lid for den andre! foreldri må lida for
borni sine, og borni for foreldri. Då gjeld det at vi
bøygjer oss som Job og segjer: Herren gav, Herren tok,
Herrens namn vere lova! Då vert alt til velsigning.
Job vart dubbelt so rik etterpå og tvifelt velsigna av
Gud. Og soleis med Josef og. Brørne hans hadde tenkt
å gjera han vondt då dei selde han. Potifar-kona tenkte
å gjera han vondt då ho laug på han. Men Gud tenkte
alt til det gode.

Ein gong eg var på skule-visitas i Tyssedal, hadde
dei i øvste klasse 1. artikel, um korleis Oud styrer. Eg
spurde dei (det var i 1919, straks etter den fæle
heims-krigen var slutt): kven var det som fekk denne krigen
i stand? var det Gud? eller var det menneske? «Det
var menneske,» svara ein gut. «Det var Gud!» sa ei
gjente. «Kvifor vil ikkje du segja det var Gud?» spurde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free