Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
31
god greia på. Yi kan godt læra mange ting av
heid-ningar. Det var berre bra når kanaanitane synte
israelitane korleis dei skulde pløgja og så og hausta:
når du pløgjer, må du sikta beint, so plogen dreg beine
forer! når du sår, må du ikkje kasta kornet i haugar,
men spreida det til høgre og vinstre! når du haustar,
må du binda kornet saman og setja kornbandi upp til
turk! og so må du tresk ja og mala kornet, so du kan
få etande mjøl!
Men dei nøgde seg ikkje med det. Dei sa: når du
skal pløgja, må du be til plog-guden og ofra til han!
når du skal så, er det andre gudar du må be og ofra til!
elles gjeng det gale med heile sånaden; sameleis må
du halda deg til vens med haustgudane! og når du
skal mala kornet, må du ikkje gløyma å ofra til
kvern-guden! elles gjeng det gale med mjølet!
Israelitane var truskyldige soleis. Dei leit på det
gom kanaanit-bøndene sa. Dei tok til å ofra og be til
jordgudane i Kanaan. Tenkte visst at Herren dei
hadde møtt i øydemarki, berre var ein nomadegud,
som vanta vet på jordbruk!
Vi kan smila og rista på hovudet av slik tankegang.
Men tenk! det er snaudt eitt hundrad år sidan det
hende her i landet at norske bønder, når dei skulde
på kverni og mala, tok med seg eit spikjelår til
fossegrimen, so han skulde la malingi lukkast!
Du skynar det var ein stor fåre for israelitane
at dei soleis gjekk i skule hjå kanaanitane. Ein annan
fåre var at israelitar gifte seg med kanaanit-kvinner.
Dei læide borni sine å be til kanaanit-gudane. Det
var stor fåre for at Israelsfolket skulde gløyma Herren
og drukna i heidenskap.
Josva såg det. Han ottast ilt for framtidi. I dei
tvo siste kapitel i Josva-boki kan du lesa um det. Han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>