Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
37
mange menneske som ikkje vil gjera seg so små! ja her
er mange nordmenn som ikkje vil arbeida utan dei fær
stor løn. Det viste seg då her var arbeidsløysa, og ståt
og kommune sette i gang naudsarbeid dei kalla: når
dei ikkje fekk stor nok løn, so streika dei! Nordmennene
hev ord for å vera store på det: dei slær stort på når
dei hev råd! og so brukar dei upp alt dei tener og meir
til. Det er ikkje slik i andre land: dei hev mange stader
den skikken at dei skal leggja seg upp noko av løni
si, kor liti ho er, og so lyt dei leva av resten. Vi vil
gjerne læra borni våre å spara og vera smånøgde og
takksame; det er ingen ting som er verre enn
kravfulle born; dei vert aldri lukkelege.
Og vi vil læra borni orden: at dei aldri slengjer frå
seg sjokoladepapir eller appelsinskal eller fyrstikker!
Eg er glad når eg ser speidargutar og speidargj enter
plukka upp alt sovore. Det hev mykje å segja at det
fagre fedralandet vårt ikkje skal skjemmast av sovore
slurv og slarv. Det var so gildt å sjå i parkane i utlandet,
der born og ungdom fritt fekk leika seg: det var aldri
noko å sjå som dei kasta frå seg.
Gud gjeve ungdomen vår — syn for det! det er
vondt når nordmenn spelar storfolk og er likesæle med
småting.
Men mest av alt skal de læra av Eut å tru på Gud
og gjeva han heile hugen. Yi bed um at kristendomen
må gå i arv frå ætt til ætt. Vi gleder oss når borni våre
segjer til oss gamle: ditt folk skal vera mitt folk, og
din Gud skal vera min Gud! Amen.
Syng nr. 637, v. 4 og 5: den som hev foreldri kjær,
han er og Herrens hjarta nær!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>