Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
40
minnestein, Ebeneser, det tyder hjelpesteinen: til no
hev Herren hjelpt oss!
Men Samuel skyna det var ikkje alt gjort med dette.
Det er ei røynsla i vekkjingstider at elden kolnar snøgt;
det gjeld å smida med’ jarnet er varmt, og halda jarnet
varmt i eino. Og Samuel kom i hug kor Israel hadde
falle frå — gong på gong. Veit du so kva han fann på ?
Han drog ikring og heldt skule med ungdomen. Han
flutte skiden frå stad til stad. Og ungdomane strøymde
til. Yi kan kalla det ungdomsskule, eller vi kan kalla
det folkehøgskule: målet var å kveikja eld i
ungdoms-hugen både religiøst og nasjonalt. Dei lærde å kjenna
fedrasoga um Abraham og Isak og Jakob og Josef og
Moses og Josva; dei lærde å elska fedra-arven og
fedra-landet; dei lærde å sjå med heilage augo på Israels
soga. Og dei lærde å kjenna Moselovi og leva etter
henne. Det vart heilagt alvor for desse ungdomane å
gjeva seg heilt til Herren; dei fekk tru på Israels
framtid; dei kjende det ein heilag odel at Israel var Guds
folk. Når so skulen var slutt, og dei kom heimatt, vart
desse ungdomane som små profetar kvar i si grend.
Soleis heldt Samuel vekkjingi ved like.
Profetskular kalla han desse skulane; og elevane
heitte profetborni. Sume tider gjekk det underlegt
med formene; du veit folket stod ikkje høgt i kultur
endå. Dei dansa med’ dei song; og dansen vart tidt so
vill at dei sjølve ikkje visste til seg: dei såg ut som dei
var galne. Seinare vart profetskulane i Israel meir
åndelege. Både Elia og Jesaja heldt profetskular.
Og profetborni voks seg frie for slike utvokstrar etter
kvart. Men upptaket gjorde Samuel, og det skal han
ha all æra for: frå skulane hans gjekk det nye Israel
ut, og skapte ei ny soga.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>