- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
42

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10.

David.

Y • ^

Syng nr. 594, v. 3.

Kjenner du eventyret um Oskeladden som var
smale-gjætar og so vart konge i Israel? David heitte han.
Yngste sonen heime, vanvyrd av brørne sine, og av
far sin med; dei rekna ikkje med den vesle guten. Liten
og raudleitt var han. Det stod ingen age av David.

Nei då var Saul anna til kar, høgvaksen, staut og
ageleg. Han var konge slik som folket vilde ha han:
når slik ei kjempa kom køyrande i stridsvogni med
gylt selety og blankpussa våpen og koparhjelm som
glima i soli, då vart fiendane fjetra og rømde. Slik var
aldri David. Men han var kongen etter Guds hjarta,
det vil segja: ein som ikkje leit på seg sjølv, men laut
lita berre på Gud.

Du kjenner soga um David og Goliat. Dei tri eldste
brørne til David var med i krigen. David var for liten.
Men Isai sende han med nista til brørne: brød og
oste-skiver og steikte aks. Der fekk David sjå Goliat, der
han briska seg av di ingen våga slåst med han. Då
tok David til å tenkja store tankar. Men brørne flirde:
du! vyrdløysa! kva vil du her! far heimatt! og gjæt
smalen, det er ditt yrke.

David gjekk til kong Saul og baud seg til å gå
mot Goliat. Han fortalde kor Gud hadde hjelpt han
mot villdyri då dei vilde drepa smalen: eg tok strupetak

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free