Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
10.
Profeten Elia.
Syng nr. 617, y. 1.
Hev du høyrt gjete kong Akab og dronning Jesabel
i Samaria? Akab hev fenge uord på seg. I grunnen var
han sjølv ikkje so verst. Men Jesabel, dronningi, dotter
av fønikarkongen, ho var fæl.
Fønikane var handelsfolk. Ser du på kortet, går
du åt at Fønikia er ein smal landstrime millom fjell og
fjord. Det var lite dyrkjingsland. Dei laut ut på sjøen
og finna levemåte. Fyrst fiska dei. So siglde dei. So
handla dei. So tok dei nytt land. Kartago i
Nord-Afrika er ei fønikisk utbygd. Utrulegt er det ikkje at
dei på vikingferdene sine hev gjesta dei norske fjordane.
I alle fall veit vi dei var inn i Øystersjøen.
Mange fine saker førde dei heim med seg. Dei vart
kulturfolk desse fønikane. Dei stod høgt i upplysning.
Det heitest det var fønikane som lærde europeane
bokstavskrifti vår. Det heitest dei var dei fyrste
som laga glas. Andre uppfinningar hev dei og fenge
æra for.
Du skynar Jesabel var som ei fin prinsessa frå
civilisasjonens land. Og no var ho dronning i
bonde-bygdi i Israelslandet. Ho såg ned på desse bøndene i
Samaria, skynar du, dei hadde ingen kultur dei! Eit
skrikande døme er soga um Nabot, bonden som ikkje
vilde selja odelen sin; han heldt fedra-arven heilag.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>