- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
54

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

Fotkjeder batt dei kring oklo so dei skulde læra å
trippa. Tenk eg hev set her i landet for femti år sidan
norske damer som gjekk med slike kjettingar for å
tvingast til å ta stutte steg; det var på moten den gong.
Naseringar er ein ukj end mote her i landet. Men spør
um ikkje ungdomen vår vilde dilta med når naseringane
fyrst kom på moten! Vi kallar det snobbeskap. Vi
er forfærdleg redde for at norsk ungdom skal verta
utskjemd av sovore.

Snobbeskapen breidde seg yver heile Israels-riket.
Dei apa etter Jesabel og hoff-folki hennar. Mange
bønder flutte inn til Samaria, og bygde seg flotte hus
i byen, so dei kunde vera med i det fine kulturlivet.

Men ein dag stod det ein underleg mann og preika
på gata i Samaria. Klædd var han i ei hard kappe av
kamelhår; det var ikkje lin eller silke eller anna mjukt
ty; du kan vera viss um at kamelhårskappa klæja på
kroppen! og kring livet hadde han bunde eit simpelt
lerbelte. Det var profeten Elia. Han preika mot alt det
nye som Jesabel hadde ført inn: det gjeng gale med
Guds folk! sa han; ungdomen vert utskjemd og
karakterlaus! dei duger ikkje til å dvrkja jordi! dei misser
vyrdnaden for f ederne og for sin f ederne Gud! heilo
folket vert rot-laust, finn aldri heim og hamn i den
framande kulturen.

Han freista samla ungdomen i profetskule, der han
dreiv på med fedrasoga, fedralovi, fedra-arven, og trui
på Israels fedragud. Nokre fåe fekk han tak i. Vi
kjenner i alle fall ein av dei, han som tok arbeidet upp
då Elia døydde. Elisa heitte han.

Men stort set fekk Elia berre spott og flir: han
fylgde ikkje med tidi den karen! gamaldags og sur og
upraktisk var han! Eg tykkjest sjå kor dei stod ogpeika
fingrar åt han når han preika i Samaria.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free