- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
56

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

56

Men då Jesabel vilde drepa Elia, viste det seg kor
liten merg det var i folket. Ingen våga stå henne imot.
Elia hadde venta at dei vilde slå ring um Herrens profet
til vern mot Jesabel. Men nei! snobbeskapen hadde
hola ut karakteren: det var ikkje manns mod å Uta på
meir. Elia laut roma.

Vonbrotet knekte den sterke profeten. Han ynskte
han måtte få døy: no er det nok! ta livet mitt Herre!

Han vilde ha eit møte med Israels Gud. Difor gjeng
han heilt sør til Sinai-fjellet, der Gud skipa pakti med
Israel. Han klagar seg sårt: «Eg hev brunne av
brennhug for Herren, alihers Gud! men Israelsborni hev
vendt seg burt frå di pakt! altari dine hev dei rive ned!
profetane dine hev dei drepe! eg åleine er att, og meg
stend dei etter livet!»

No må de høyra vel etter: Dette møtet med Gud
den morgonen attmed Sinai, det er noko heilt nytt,
eit gjenombrot til klårare og mildare syn på Gud.
Høyr no: «Herren gjekk framum. Fyre Herren kom
ein stor og veldig storm, so fjell rivna og klettar klovna;
Herren var iklcje i stormen. Etter stormen kom ein
jordskjelv; Herren var ikkje i jordskjelven. Etter
jordskjelven kom eld; Herren var ikkje i elden. Etter
elden høyrdest ei mild susing; då tala Herren til Elia».

Er det ikkje som Jesu milde røyst? Gud kjem ikkje
i eld og røyk som på Sinai med dei 10 bodordi; han
kjem stilt og hjarteleg. Han set ikkje støkk i oss; han
lokkar som ein hyrding på sauene og lammi: kom hit
til meg! so skal de finna livd og kvild.

Elia fær eit nytt arbeid: han skal ikkje lenger vera
den stormande eldprofeten på gatene i byen! det sit
rundt ikring i landet sju tusen trufaste; millom dei
skal no Elia ha sitt arbeid, millom «dei stille i landet»,
som vi kallar dei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free