- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
59

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

59

kvarandre: heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot!
all jordi er full av hans æra.

Det er desse ordi vi tek uppatt i «præfasjonen»
ved kvar festgudstenesta og ved kvar nattverds-tenesta
i kyrkja vår. Du må læra å syng ja dei ordi, so du kan
syngja med! alle må syngja til kvarandre i veldigt kor,
so kyrkjetaket lettar seg. Bed skulemeisteren eller
presten eller ein annan å læra deg syngja alle
kyrkje-s vari!

Det var ei ageleg syn Jesaja såg: «Grunnen under
dørstokkane riste, og huset vart fyllt med røyk.» Jesaja
kjende Guds dom i samvetet: «Usæl er eg! det er ute
med meg! eg er ein mann med ureine lipper!» Like
eins som då Simon Peter uppmed Genesaret seig ned
for Jesu føter og ropa: gakk burt frå meg, herre! eg
er ein syndig mann! Du veit Jesus sa til han: ver ikkje
redd! heretter skal du vera med meg og vinna menneske
for Gud. Jesaja fekk og hjelp: ein av serafane tok ei
glo frå altaret og rørde ved munnen hans: no er syndi
di sona, sa han. Du skynar det var Guds glødande
kjærleiks eld som brende burt ureinskapen. So varmt
er det å kjenna Guds heilage kjæileik, at dei vonde
tankane våre brånar når vi kjem nær han.

Og so tala Herren til Jesaja: kven skal eg senda?
Jesaja svara: send meg! Soleis vart Jesaja kalla til
profet.

Profetane i Israel var ikkje spåmenn. Dei var
talarar som forkynte Guds vilje til folket. Med vakne
augo fylgde dei alt som hende, og fann so det rette ordet
for kvar ny tid. Difor ser vi hjå profetane at syni
vidar seg ut etter kvart. Serleg fær dei etter kvart
klårare syn på Gud.

Det forteist i den egyptiske gudelæra um ein gud
som hadde tett slør yver andletet, so ein kunde ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free