- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
62

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

tonen i kongsborgi. Og saman med dei gudlause
ka-meratane sine gjorde han reint bord då han vart konge.
Han forfylgde dei truande israelitane. Det vart ei
martyrtid alle dei mange åri Manasse var konge i
Jerusalem. Jesaja vart drepen. Segni fortel at han
vart putta inn i eit holt tre, og so saga dei treet tvers
yver. I Hebrearbrevet 11, 37 stend det at sume
vart gjenomsaga, det siktar til denne segni.

Ei gleda var det for Jesaja å samla ein liten flokk
trufaste ungdomar i profetskulen sin; der heldt han
den heilage voni vaki: «Sjå eg og borni mine er teikn
og varsel i Israel,» segjer han (8, 18). Dei var «Israels
rest», som skulde berga framtidi for Israelsfolket. «Legg
vitnemålet og læra i hjarta åt læresveinane mine!» sa
han. Det var ikkje anna å venta enn at desse
ung-gutane fekk høyra spott: «Driv de på med bøneboki
enno de?» Plent som mange spottar i våre dagar når
unge gutar og unge gjenter vil vera kristne. Du må
ikkje vera redd for sovoren spott. Øv deg upp i å tola
slikt: du døy r ikkje av det um folk flirar åt deg. Og
du hev godt av å røyna litt soleis: du vert sterkare og
støare, du fær meir karakter og meir viljestyrke! lat
dei læ, og lat dei spotta! eg vil halda fast på mi
dåpspakt og gjera bruk av barneretten min.

Læresveinane hans Jesaja vart vel ikkje drepne alle.
Dei fekk gjeva den heilage arven ifrå seg til borni sine.
Og bøneboki vart ikkje brend.

Kor stort eit namn profeten Jesaja fekk i Israels-soga,
viser seg i det, at tvo andre store profetar hev heft
sine bøker inn i Jesaja-boki: kap. 40—55 av ein stor
profet i Babylon, vi nemner han den andre Jesaja! og
kap. 56—66 av ein tridje profet etter heimkoma frå
Babel. Jesaja hev av dei skriftlærde i Israel fenge æra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free