- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
66

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66

Det fortelst at på resten kom Manasse i naud, og
freista bøta det vonde han hadde gjort. Men det var
ikkje so lett. Og son hans heldt fram med det som vondt
var.

Det fyrste kong Josia gjorde, var å setja i stand
Herrens tempel. Han hadde både murarar og
timmer-menner og andre handverkarar i arbeid. Pengar til
arbeidet samla han inn. Mykje kom inn i
«tempel-kista», det som vi kallar «kyrkjebørsa».

So hender det ein dag noko merkelegt. Eiksskrivaren
kom og skulde henta pengane, øvstepresten tømde
«tempelkista», og so segjer han: eg hev funne ei lovbok
i Herrens hus. Han sende henne med til kongen.
Eiksskrivaren las upp or lovboki. Og då vart kongen reint
forfærd: han reiv sund klædi sine, som du veit dei gjer
i Austerland når noko tungt gjeng dei til hjarta.

Kan du gissa kva dette var for ei lovbok? Det var
den vi kallar 5te Mosebok i Bibelen.

Mosebøkene er samla i hop smått um senn. 5.
Mosebok vart nett skrivi då Josia var konge. Ho skulde
hjelpa Josia med reformasjonen. Mykje moglegt at ho
byggjer på upprit frå den gong Moses tok avskil med
folket sitt. I alle fall vert alle formaningane lagde i
munnen hans. Dermed fær dei meir «autoritet». Det
er meint slik: kva vilde Moses ha sagt oss, um han
hadde levt no?

Skal vi lesa nokre av desse formaningane?

I 8. kapitlet stend: «Gløymer du Herren, og held
deg til andre gudar, so er det ute med deg!» 130. kapitlet
stend: «Himmel og jord tek eg til vitne at eg hev
lagt fram for deg liv og daude, velsigning og
forbanning! vel då livet, so skal du få leva, både du og
ætti di.» Det var slike ord som la seg tungt på kong
Josia.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free