Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
71
klædefiller til å leggja under armane; elles vilde dei
ha slite armane av han då dei drog han upp. Men han
vart sitj ande fange i vaktgarden i år og dagar.
Verre enn alt det vonde han leid på kroppen, var det
han leid på sjeli. Han syrgde yver folket sitt, av di han
såg det gjekk imot undergang: <cHjarta er sjukt i meg,»
segjer han (8, 18). «Auga må gråta av di Herrens folk
vert burtført» (13, 17). Det minner um Jesus som gret
yver Jerusalem, ikkje sant? dei tårene var heilage! dei
kom frå eit hjarta som brann av kjærleik til folket. Og
slik var det med Jeremia og.
Han hadde eit mjukt hjarta. Like vel segjer Gud
han skal vera «ein jarnstolpe og ein koparmur» mot
kongane, mot hovdingane, mot prestane, og mot lyden
i landet» (1, 18).
Han var berre ungguten då han vart kalla til profet.
Han bad seg undan: «Å Herre Herre! eg kan ikkje, for
eg er so ung.» «Ver ikkje redd!» sa Herren, «for eg er
med deg.» Han måtte lyda. Men ein tungsam ungdom
fekk han. Liti gleda upplevde han. Einsam gjekk han
jamt, hadde ingen heim.
Jamvel hans eigne skyldfolk og bysborn vilde drepa
han: du skal ikkje tala profetord i Herrens namn,
annars skal du døy for vår hand! segjer dei til han.
Det er då han nyttar biletet um lammet, det som seinare
hev vore nytta um Herren Jesus. «Eg var som eit spakt
lam som vert leidt til slakting,» segjer han; «eg visste
ikkje at dei la upp løynderåder mot meg» (11, 19).
Det var ikkje underlegt at Jeremia laut syrgja.
Liksom Jesus palmesundagen segjer: visste du berre!
men det er dult for augo dine! slik såg Jeremia folket
gjekk i blinde og trøysta seg med at dei var Guds folk;
mange falske profetar täla trøyst: det er ingen fåre,
sa dei.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>