- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
78

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

Eller ein vedhoggar! Der legg han til skogs med
øks på nakken. Berre å eiga ei øks er kongeleg rikdom.
Det tok mange tusen år fyrr menneskja kom so langt.
Han høgg so flisane sprutar. Kan han sine ting, so
dett treet og vert liggjande der han peikar. Sagar han
so treet upp i kubbar, og høgg kubbane upp til småved.
Gjeng det ikkje med øksehogg, so driv han inn ein kile
(ein bleig kallast det austpå), kanhenda endå ein kile,
og endå ein! for du skal sund! Og kubben sprekk.
Vedskiene vert ferdige til å putta i omnen, so vi kan
sitja varmt i stova kaldaste vetteren.

Det er kongen på jordi dette, som rår yver Guds
skapning.

Eller tenk på kor menneske vinn yver dei sterkaste
dyri, kan temja dei og nytta dei til arbeidsdyr. Hestar
sg uksar, mykje sterkare enn oss menneske, kan vi
temja med taum og beisl, so dei må lyda oss.

«All ting la Gud under våre føter: småfe og storfe,
jamvel villdyri i marki; fuglen under himmelen, fisken
i havet, alt som fer på havsens stigar. Jamvel den
veldige kvalen kan menneske fanga og nytta ut.

Det er kongen på jordi dette, som rår yver all Guds
skapning.

Enn elektrisiteten! fossekrafti! Der puttar
menneske fossane inn i turbinrøyrar og fører dei beint på
ein dynamo, som lagar heile fossekrafti um til elektrisk
kraft. So nyttår vi henne til ljos, til varme, til
drivkraft. Er det ikkje eit eventyr!

Jamvel den trådlause elektrisiteten i lufti —
fangar vi inn i radio og trådlaus telegraf! Um vi berre
for ein mannsalder sidan hadde snakka um slikt, vilde
folk sagt: du er galen du! Men Gud hev lagt alle ting i
våre hender.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free