- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
86

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Haustfest.
Salme 65, 10—14.

Syng nr. 213, v. 1—3.

Guds bekk er full av vatn. Du hev krynt ditt gode år.
Beiti i øydemarki dryp. Haugane fyllest av lovsong.
Eng jane er klædde med sauer. Dalane er fulle av korn.

Det er fortalt i 1. Kongebok at profeten Elia kom
til ei enkja i Sarepta (eller Sarefat, som byen eigenleg
heitte). Det var i den lange turketidi. Enkja åtte berre
ein neve mjøl i krukka og ein liten grand olje i krusi.
Like vel laga ho ei liti kaka åt Elia fyrst. Til takk fekk
ho det underet at mjølkrukka vart ikkje tom, og ikkje
oljekrusi heller, so lenge turken varde. Denne
Sarepta-krukka hev vorte eit bilete på det underet Gud gjer
jamt: at «fatigt brød på armods bord kan rikt dei mange
metta». Gong på gong lyt vi u idrast: Guds bekk tryt
aldri: kvart året gror nytt liv, med mat til millionar
munnar, er det ikkje eit under!

Arbeida for føda må vi. Arbeidet er eit adelsmerke,
ei æra, — og ei lukka. Det er ikkje sant at arbeidet er
ei forbanning for syndi skuld; arbeidet høyrde med i
paradiset!

Det er ille at mange klagar for dei må slita og streva
formaten. Arne Garborg hev skildra i «Bondestudentar»
ein bondegut som lengtar burt frå jordarbeidet. «Den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free