Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
90
eventyr-Asbjørnsen. Han segjer: ved måltidene må
alltid føres en lett og behagelig konversasjon. Skynar
du det? Når vi et, skal vi alltid tala um noko som er
gildt, so kjem vi i godlag. Huglaget hev mykje å segja
for helsa.
Det er godt å takka både Gud og menneske. Takkar
du far og mor for maten? det må du aldri gløyma.
*
Haustfesten hjå jødane var lauvhytte-helgi midt i
oktober. Dei budde i lauvhytter; det er full sumar der
gør i oktober månad. Og du veit det er festlegt med
lauvhytter um sumaren: det er svalt og sunt og angande
søtt. Jødane tok lauv av oljetre og myrt og palmer, og
batt det i hop med seljekvister. I sju dagar varde
haustfesten. Og då stod gleda høgt mot himmelen. Det
var folkefest som minner både um vår j olefest og um
vår 17. mai. Det heittest at den som ikkje hadde vore
med i lauvhytte-helgi, han visste ikkje kva gleda er!
Dei song og takka Gud. Salmane 65 og 66 og 67 høvde
godt på haustfesten. Les igjenom dei, so ser du det. I
65. salmen stend mange kjende og kjære ord; derifrå
har vi namnet «krunår»: når grøda er rik, segjer vi det
er krunår i år. Gud hev krynt året, stend det. Er det
ikkje vent når dei syng at beiti i øydemarki dryp av
velsigning, at haugane lovsyng Gud, og engjane er
klædde med sauer, det var i tusenvis det, ser du.
Når vi held haustfest i kyrkjene våre, har vi tidt
lagt upp på altaret noko av grøda: kornband, eple,
kål, poteter og anna godt. Vi vil dermed segja til Gud:
det er du som hev gjeve oss alt i hop! du skal ha æra
og takk.
Tidt har vi ofring kring altaret den dagen. Då er
det som alle, små og store, møter framfor Gud: vi har
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0092.html