Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
12.
Profeten Hesekiel.
Syng nr. 471.
Hesekiel vart burtførd til Babel ved fyrste burtføringi.
Han var tempelprest i Jerusalem, presteson av
Arons-ætti; de veit prestetenesta gjekk i arv i ætti hans.
Prestane ved templet skulde ikkje preika; dei skulde
ofra og be for folket. Gudstenesta var altartenesta
heilt igjenom. Bøykoffer-altaret stod inne i heilagdomen,
attmed det svære åklædet som skiide millom det heilage
og det høgheilage. Røyken gjekk då innum åklædet
inn i det høgheilage til nådestolen, der Israels Gud
hadde sitt kongs-sæte millom kjerubane. Ute i
fyregarden stod brennoffer-altaret, der dei ofra «grjonoffer»
av korn og slaktoffer av dyr. Mange prestar og levitar
var med i tenesta; dei laut vaska hendene sine i eit
stort kopar-kjerald fyrr dei ofra: reine hender måtte
dei lyfta upp mot Gud i himmelen. Og eg tenkjer
Hesekiel gjorde det av heilt hjarta, med vyrdnad og
andakt og takk til Gud.
Når han no var burtførd til Babel, kunde han ikkje
gjera prestetenesta meir. Men so vart han profet.
Han er den fyrste israelitiske presten som vart profet.
Han tok til å tala Guds ord til folket. Han vart kalla
til profet nokorlunde sameleis som Jesaja:
Han såg ei syn: himmelen opnast, det kom ei
storm-flaga, ei sky, kvervlande eld; utor elden tedde fire
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>