- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
113

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

113

umvenda seg frå sin vonde veg; kven veit? sa kongen,
Gud kunde venda um frå sin brennande vreide, so vi
ikkje gjeng under? Og Gud høyrde bøneropet og
miskunna folket i Mneve.

Men no kjem det fælaste av alt: Jona vart
brennande harm! Mneve var Israels fiende. Jona unnte
ikkje Mneve å få godt av Guds miskunn. Han tek til å
mukka mot Gud: var det ikkje det eg tenkte? du er ein
nådig Gud og langmodig, og du angrar det vonde! no
kan du likso godt la meg døy! Herren svara berre
med eit spursmål: hev du grunn til å harmast?

Tenk noko bo hjartélaust at Jona verkeleg ynskte
å sjå Nineve lagd i grus! tenk noko so ugudlegt at han
profeten israeliten harmast yver Guds miskunn!

Men Gud vilde gjeva han ein lærdom. Jona gjekk ut
or byen, laga seg ei hytta og sette seg i skuggen, vilde
sjå kor det gjekk; i ulag var han. Ein plante voks til
skugge for han; det skulde vera eit teikn på Guds
tol-modige kjærleik, at han vilde gjera vel mot profeten.
Ja Jona fann hugnad i denne planten; men han takka
ikkje Gud! og han angra ikkje alt det stygge han hadde
synda både i tankar og i ord og i gjerningar. Då so
planten visna, soli stakk, då ynskte Jona å få døy: eg
vil heller døy enn leva, sa han. «Hev du grunn til å
harmast?» spør Herren. Og som ein uskikkeleg unge
svarar Jona: ja eg hev grunn til å harmast.

Då sa Herren, og her kjem lærdomen i denne
for-teljingi: du ynkast av di denne planten visna! skulde
ikkje eg ynkast yver Mneve den store byen, der det
finst eit hundrad og tjuge tusen som ikkje kan skilja
milliom høgre og vinstre, og mange dyr —?

No må du tenkja deg um: kjenner du nokon som
ikkje veit skil på høgre og vinstre? vi må vel heilt ned
til 2 års bom fyrr vi finn dei som ikkje kan skilja millom

g — Anker: Bibelen for barn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free