- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
116

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Profeten Daniel.

Syng nr. 141, vers 2.

Fyrste ungdomspreiki eg høyrde var um Daniel;
det er snart 60 år sidan. Det var sokneprest Herman
Lunde som heldt henne; han kom frå Paris til Risør,
eit friskt ver, med friske tankar. Eg minnest kor det
tok meg, endå eg berre var barn. Han sette fram Daniel
og venene hans til mynster for ungdomen, «min kjære
ungdom», sa han.

Kjenner du soga um Daniel og venene hans? Eg
skal fortelja henne, etter Daniels-boki i Bibelen.

Kong Nebukadnesar tok med seg frå Jerusalem
nokre av dei evnerikaste jødane; millom deim var fleire
profetar, Hesekiel, den andre Jesaja, og Daniel. Daniel
var berre ungguten. Då Nebukadnesar vilde ha seg
nokre gilde skutel-sveinar av høg jødeætt, vart Daniel
utvald saman med tri andre gutar. Dei skulde få
upp-læring i kaldeisk skrift og tungemål. Dei skulde alast
upp med kongens mat og kongens vin i 3 år, so dei
kunde verta gilde og feite. Men Daniel fekk dei andre
tri jødegutane med på det at dei vilde ikkje «gjera
seg ureine med kongsmaten». Det var mangt som
jødane etter Moselovi ikkje kunde eta. Daniel bad då
stallaren: lat oss sleppa eta denne maten og drikka
denne vinen! lat oss berre få grønt å eta og vatn å
drikka! Stallaren var redd det kunde verta låkt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free