- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
118

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118

Då dei 3 åri var gjengne, kom dei fram for kongen.
Og kongen bisna på kor kvike desse 4 var: han fann
dei visare enn dei andre, stend det.

So kjem den underlege draumen Nebukadnesar
drøymde. Han hadde gløymt draumen, men var svært
uroleg; han skyna at den draumen hadde mykje å
segja; han laut plent få greia på han.

Han sende bod på runemeistrane og vismennene, at
dei skulde segja kva han hadde drøymt. Dei greidde
det ikkje: «Fortel oss draumen, so skal vi tyda han,»
sa dei. Nei det var det, at kongen hadde gløymt han!
Han vart nervøs og svevnlaus av dette, og truga på
resten med livsstraff for dei vismennene som ikkje
greidde fortel ja han draumen; og han lokka dei med
lovnad um stor æra og rike gå ver. Men dei svara alle:
det finst ikkje menneske på jord som kan fortelja kongen
draumen når han sjølv hev gløymt han; og det hev
aldri vore nokon konge som hev kravt noko sovore
av runemeistrane.

Det såg spøkjelegt ut. Men so heldt Daniel og dei 3
kameratane hans bøn saman, og bad Gud openberra
løyndomen. I ei syn um notti fekk Daniel sjå
kongs-draumen. Han gjekk til kongen og fortalde: Gud i
himmelen hev vist meg draumen din: du såg ei stor
biletstytta, høg og strålande; hovudet var av gull, bringa
og armane av sylv, magen og mjødmane av kopar,
føtene av jarn og av leir; so såg du ein stor stein vart
lausrive, men ikkje av menneskehender; han råka biletet
og krasa det heilt; men av steinen vart det eit stort
fjell som fyllte upp heile jordi. Deretter tyder Daniel
draumen um 4 rike som skal koma etter kvart, og til
sist kjem Guds rike som skal æveleg standa.

Daniel vart då sett til rektor på universitetet i
Babylon, den øvste av alle vismennene. Det var eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free