Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
125
nytt liv. Det er fyrste venda vi møter i Bibelen trui
på uppstoda frå dei daude.
Det vart eit skil millom dei tvo religiøse parti
millom jødane: farisearane trudde på englar, på
uppstoda, og eit ævelegt liv; men saddukearane
ikkje. Det er på makkabear-tidi desse tvo parti kjem
fram; dei var som eld og vatn. Farisearane heldt fast
ved Mose-lovi og alle gamle skikkar. Saddukearane
dilta med straumen og heldt seg til vens med dei
mektige, både med syrarane og grekarane og romarane.
Men båe dei tvo parti samdest um å drepa Jesus!
Syng uppatt salme 414 av Støylen. Han skreiv
den salmen då han budde på Notodden og nett hadde
«mist» eit lite barn. Eg fekk salmen frå han til meg
send, og eg lærde syngja han. Lær å syngja han du ög!
«Lat draumane døy og vonene visna som blomar og
høy, når berre mi sjel kunde vinna sitt slag og stå på
si vakt til min døyande dag!» Amen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>