Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
127
på slutten av bergpreiki: ein vetug mann byggjer hus
på berg, ein fåvis mann han byggjer på sand. Det er
det som er ulukka for so mange mange menneske: dei
tenk jest vinna lukka med å samla skattar på jordi; då
narrar dei seg sjølve; det kjem mol og makk og et upp
alt sovore.
Småborn trur dei kan få tak i månen, berre dei
kjem upp på skogsbruni. Hev du tenkt det? Når du
kjem dit upp, so er månen like langt burte. Mange
vender når vi gjekk yver fjell-vidder, såg det ut som
det var so stutt veg burt åt storenuten; men han flutte
seg; kom vi upp på ei høgd, so viste det seg nye dalar
og dælder og lang veg fram.
Småguten og smågjenta gleder seg til dei vert store;
born lengtar jamt etter å verta vaksne. Når dei er
vaksne, stundar dei etter å få eit levebrød. Og det er
bra. Men so kjem nye mål: berre eg kan få meg eigen
heim, då skal eg slå meg til ro og ha det godt! Det
er ein lengt og ei von hjå oss menneske som alltid
siktar på noko nytt. Og den lengten hev Gud sjølv
lagt ned i oss. Men aldri vert den lengten stetta, kor
mykje vi vinn i det ytre, kor mange skattar på jordi
vi samlar oss.
«Hjarta som freden vil vinna, leitar i nord og i sud,
kan ikkje freden f inna fyrr kvila det f ær — i Gud.»
Det er det den gamle Preikaren vil læra oss: du må aldri
tru du vert lukkeleg um du f ær det eller det; lukka kjem
ikkje med dei synlege skattane.
Eit hus med mange fine møblar, med sofa og speglar
og mjuke stolar, med målarstykke og åklæde på veggene,
— det vert ingen heim. — utan hjartelag; det er
hjarte-laget som skaper heimen. Det er hj artelaget som skaper
lukka; hj artelaget høyrer med til det Jesus kallar
skattar i himmelen, dei usynlege skattane som korkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>