- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
6

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Innleiing

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6

Men ser me so på kva foreldra vanleg har gjort for
å setja seg i stand til å verta gode uppsedarar, so vil me
finna det me fyreåt ikkje skulde ha venta. Um mange
— kanskje dei fleste — kann ein med sanning segja, at
få arbeid har dei butt seg mindre til og tenkt mindre på
enn uppsedararbeidet. So var det fyrr dei skipa sin eigen
heim, og soleis ser det ut til å vera jamvel etter at dei
har fått foreldrenamnet og har teke foreldreansvaret på
seg. Det er som um det å læra barnet å kjenna, å stella
med born og å uppseda born skulde vera so lett og like*
til, at kvar og ein kunde greia det bra utan vidare. Og
lel er det ei sanning som er stadfest av mange til alle
tider, at få arbeid er vanskelegare. Det kann vel difor
vera altfor stor grunn til å segja her hjå oss som Herbert
Spencer sa til sine landsmenn kring 1860, at knapt noko
arbeid vert gjort so uvisleg kring i heimane som upp*
sedingsarbeidet.

Det er ikkje hjartelag og vilje som vantar mange for*
eldre, endå um dei tek arbeidet med borna sine sers for*
kjert. Men i mange tilfelle vantar dei kunnskapane som
må til. — Til dei kunnskapar reknar eg fyrst og fremst
kjennskap til barnet både til kropp og sjel. Det skulde
vel vera so umlag sjølvsagt, at dei som skal kunna stella
vitugt med born, dei må vita korleis born plar vera og
korleis dei har det. Dei bør kjenna det som er det van*
lege for born. Men borna er og ulike. Difor bør kvar
far og mor og ha lært å kunna skyna det barnet dei har
foreldreansvar for. Men då må dei ha lært å tyda »halv*
kveda vise«. For det vert det ofte spursmål um for den
som skal kunna skyna eit barn. Men då vil dei og
kunna gjera seg ei påliteleg meining um korleis nett det
barnet er som dei har fått å ha tilsyn med, og kva
serkrav uppsedinga av det barnet kjem til å setja til upp*
sedaren.

No er det visseleg so sant som noko kann vera, at
berre kunnskapar gjer ingen til ein god barneleiar. Det
må og vilje og hjartelag til. Og ein må vel og segja at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free