- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
10

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Korleis lærer me barnet å kjenna?

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

sitt, um ikkje det er noko anna det held på med enn å
krabba over golvet i den tid det skal læra seg å gå,
eller det teiknar »mannar« på papiret med ein blyant det
har fått, når eg høyrer på korleis det etter kvart kann
snakka med seg sjølv, og eg ser korleis andletsdraga kann
skifta etter kvart det balar på si vis, ja so har eg ofte
ynskt at eg kunde ha levt uppatt i minnet mine eigne
barnedagar, då eg baska på same måten som den vesle
guten eller gjenta eg no har for augo. Kor mykje betre
skulde eg ikkje ha vore skikka til å gjeva den vesle ei
hjelpande hand i rette tid og på rette måten um eg hadde
kunna gå tilbake til mi eiga barndomstid og vorte verkeleg
barn att i tankane. — Men um det aldri let seg gjera for
oss å verta »barn« att fullt og heilt, so bør me vita at me
foreldre og lærarar aldri må verta for gamle og for kloke
til å freista setja oss på barnet sin plass: sjå det barnet
ser, tenkja det barnet tenkjer, kjenna det barnet kjenner.
Her er det barneminna våre, både dei ljose og dei myrke,
kann vera oss til ovstor hjelp. Dei er ein skatt me vil
gjera bruk av uppatt og uppatt i arbeidet vårt med og
millom born.

Den beinaste veg fram til kjennskap til barnet, det er
å leggja vel merke til korleis dei ymse born tek det, og
korleis dei ber seg åt, i dei ymse tilfelle i livet. Det er
eit vanleg klagemål over oss vaksne det, at me går gjenom
livet med attlatne augo. Det er som var me blinde. Det
kann ein og med fullaste rett segja um mange foreldre og
lærarar i den meining at dei ikkje studerar barnet. Passa
me vel på, og la me vel merke til barnet korleis det
verkeleg er, so vilde me læra mykje som kunde vera til
ovleg stor rettleiing for oss. Difor er det og eit krav ein
må setja til alle uppsedarar: å fylgja barnet med åtgåige
augo. Gjer ikkje det fyrst og fremst med den tanke at du
skal halda politiuppsyn. (Det kann du og måtta gjera
stundom). Her talar me um at du bør fylgja barnet med
vaksame augo av umsyn til at du best råd er må gjera
deg dugande til barneleiar*arbeidet ditt. Den som verkeleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free