Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Korleis lærer me barnet å kjenna? - 3. Barnet veks
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
12
pedagogikk heldt på og vilde slå fast. Serleg har mange
lagt sterkt imot den synsmåten at den eksperimentelle
gransking skulde kunna lysa upp i kvar krok og leggja upp
i dagen kvar løyndom som til denne tid har gjort upp*
dragar* og upplæringsarbeidet so vanskeleg. I fleire til*
felle er det truleg so at dei vanlege eksperiment ikkje kann
gjeva upplysningar som er å byggja på. Denne striden skal
eg ikkje tala meir um her. Eg vil berre segja det, at ingen
pedagog som fylgjer med i si tid, kann i våre dagar vera
ukunnig um det som den eksperimentelle psykologi og
pedagogikk har drege fram i ljoset. Um ein aldri so mykje
kjenner seg tvinga til å taka til ålvorleg motmæle mot den
ungdomelege verdsetjing av denne nye vitskapen som ofte
har kome til orde i det pedagogiske ordskiftet, so vil lel
alle segja, at den eksperimentelle gransking har lært oss
sanninga å kjenna på fleire stader der ein fyrr hadde berre
uvisse gissingar å halda seg til.
3. Barnet veks. Kva meiner me med det?
Barnet veks, segjer me, både kroppsleg og sjeleleg.
Kva meiner me med det? Me meiner vel for det fyrste
med kroppsleg vokster at barnet vert større. Det vert
lengre, tjukkare og tyngre. Og so vert det og sterkare.
Det får meir fysisk makt, og meir herredøme over seg.
Me kunde segja at den kroppslege vokster syner seg tyde*
legast i det, at barnet vert meir og meir arbeidsført. Vok*
steren peikar på det formål, at barnet skal verta skikka
til å arbeida.
Med den åndelege voksteren har det seg noko på
same måten som med den kroppslege. Barnet legg fyre*
stelling til fyrestelling. Barnet sitt fyrestellingsrike vert
større og større. Medvitande tek so barnet til å likna
desse fyrestellingane saman. Det finn likskap og ulikskap,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>