- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
32

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32

Eit viktugt spursmål er det um skulen og skule*
arbeidet verkar skadeleg på kroppsvoksteren og på helsa
hjå borna eller ikkje. Her er det vel heller ikkje råd
å gjeva eit svar utan undantak. Men i det store og heile
kann ein visst trygt segja, at det er ikkje bra å byrja på
skulen eller med skulearbeid for tidleg. Fyre seksårs*
alderen må ikkje eit barn verta sett til slikt arbeid, jamvel
um det er kroppsleg friskt og har gode evner. Og for dei
som er veike, er kanskje 7 år og for tidleg. »For slike«
skriv E. Meumann »er visseleg spursmålet um å byrja
på skulen mykje ålvorlegare enn mesteparten av peda*
gogar trur. Slike born vert ofte skadde for heile livet ved
det at skulelivet tek til for tidleg.«

Sume foreldre tykkjer det er so ovgildl dersom det
kann vera råd å få eit barn til å springa over ein skule*
klasse og på den måten få det til å vera »fyre si tid.«
Det er oftast uvitug åtferd. Det er umlag alltid berre
jåleskap og ei fåfengd æresykje som slike foreldre er
drivne av. Det er i røynda so lite vunne med ei slik
framdriving, jamvel um barnet ikkje hadde skade av det.
Men det verste er at barnet beint fram i dei fleste tilfelle
har stor skade av slikt sprengarbeid i denne tid. I denne
samanheng vil eg og nemna, at sume born er gjerne noko
fyre jamaldringane sine i 6—7—8*årsalderen. Dei ser ut
til å verta reine »skuleljos«. Men ein skal ikkje lata seg
dåra av det. Det er ikkje sjeldan at slike «snarvokst*
ringar« stoggar snart. Og når dei går ut av skulen, er
dei kanskje millom dei ringaste. Slike born kann verta
reint øydelagde av uvituge foreldre og lærarar. Dei bør
ikkje drivast fram. — Elles er det no so, at har eit barn
uvanlege evner, so misser det ikkje dei um det fylgjer den
vegen som dei vanlege landevegstråvarane går desse fyrste
skuleåra framover. Evnene kann nok verta tekne fullt
ut i bruk og koma til sin rett seinare likevel.

Kva verknad skulelivet har på den kroppslege vokster
hjå eit barn, det er slett ikkje so lett å koma etter i dei
einskilde tilfelle. Ein kann nok mæla og vega barnet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free