- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
35

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35

for ymse sjukdomar, og aldri fører sjukdom so ofte til
døden som fyrste leveåret.

Her i vårt land har det i den seinare tid døydt 14—15
for året av kvart 1000 menneske i det heile. Men av
bom døyr det fyrste året for kvart 1000 levande fødde:

i ekteskap i bygdene kring 80, i byane kring 110,

utanfor ekteskap i bygdene — 150, i — — 270.

I alt døyr det 9—10% av dei levande fødde borna
fyrste året. I Norig er dødsprocenten for born under P/2
år minst av alle land i Europa. Nærast Norig kjem
Svérike og Irland med godt og vel 10 % fyrste året. I
Frankrike er det tilsvarande tal 16—17, i Italia kring 18,
i Prøyssen 20, i Austerrike 24, i Sachsen 28. Ja sume
stader i Bayern (i Oberbayern og Schwaben) har døds*
procenten fyrste leveåret vore kring 50.

Um årsakene til den store skilnaden desse tala syner,
skriv professor Axel Johannessen: Dødsprocenten »er liten
i de nordiske land, hvor børnene får moderens melk, —
den er stor i de land hvor sedvaner og skikker, kampen
for tilværelsen, nød og fattigdom eller eiendommelige og
utbredte mangler ved de melketilberedende organer berøver
det spede vesen den ernæring det kan gjøre fordring på
som en menneskerettighet. — Og intet kan erstatte denne
av naturen selv foreskrevne ernæring. Det vil derfor være
nødvendig ved de midler som står til vår rådighet, å ar*
beide for det mål, at en mor med forståelse og glede op*
fyller sin store plikt: selv å give sitt barn die.«

Men ser me på dødslistene for dei eldre årsklassar, so
finn me, at Norig kjem på dårlegaste plassen ei lang tid,
endå levealderen i det heile står so høgt hjå oss som i få
land på jorda. Um dette står det i »Dødelighetstabeller
for det norske folk« 1901 — 1911: »Som man ser, kan intet
land opvise en så lav spedbarnsdødelighet som Norge.
Men allerede i det andre leveår går Danmark og Australia
forbi Norge, som ved femårsalderen inntar plassen som
nr. 3. Ved tiårsalderen er det meget få land som kan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free