Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
64
å tenkja på dei ting som eg veit har denne eigenskapen,
so har eg fått ei abstrakt fyrestelling. Fyrestellinga er
lausrivi heilt frå sansingsgrunnlaget, og er ikkje fest til
noko anten i tid eller rom.
Eit visst fyrestellingsinnhald som eg avgrensar med
ord frå alle andre fyrestellingar, vert kalla eit umgrep.
Etter som då innhaldet gjeld alt det som høyrer til ein
viss ting, eller gjeld berre visse eigenskapar som er sams
for færre eller fleire ting, talar ein um serumgrep (indi*
viduelt umgrep) eller ålmenn* eller abstraktumgrep.
Korleis får no barnet fyrestellingar, og kva slag fyre*
stellingar får det? Er det nokon skilnad på born og
vaksne når det gjeld fyrestellingane ? Det er spursmål
som det er av det aller største verd for alle uppsedarar
å få pålitelege svar på. Kjennskap til både korleis
barnet får fyrestellingar, og kva slag fyrestellingar det
ber på, set oss i stand til å skyna mykje i barnet sitt
sjeleliv.
I den seinare tid har det vore gjort mykje med å
granska nettupp barnet sine fyrestellingar. Og um det endå
er mangt som er lite granska, og sumt som dei ymse gran*
skarar er usamde um av di det ser ut til at granskingane
har gjeve motstridande svar, so må me lel segja, at i det
store og heile er vokstervegen berrlagd for oss i dette
stykket.
Korleis barnet får fyrestellingar ? Ja det har me i
røynda peika på fyrr. Barnet får fyrestellingane gjenom si
eiga uppleving. — Det svaret er lett å segja. Men det er
og so lett å gløyma i det praktiske livet, når me steller
med born i heim og skule. Diverre gjer me det ofte. Men
det er um å gjera at denne sanninga står levande for
oss: skal barnet verkeleg få fyrestelling um ein ting,
so må det få læra han å kjenna gjenom uppleving.
Det gjeld ikkje berre slikt som kann sansast, som fargar,
tonar, former o. s. b. Det gjeld og i dei tilfelle der det
åndelege, det sjelelege er so å segja alt. Berre det barn
som sjølv får læra å kjenna ei god mor, ein god far,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>