- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
67

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67

abstrakt tenkjemåte. Helga Eng fortel at born som nett
tek til på skulen i Kristiania, kann bruka ordet »vatn«
og meina »vatnet under brua« eller »vatnet ved brygga«.
Berre det vatnet som er der, er vatn. Guyau fortel um ein
gut som ein gong vart beden um å gå øvst upp i kjøken*
trappa og ropa på tenestgjenta. Ein annan dag då guten
var inne i same romet som denne gjenta, bad dei han
og ropa på henne. Han såg på henne fyrst, gjekk so ut
i kjøkentrappa og ropa namnet hennar høgt.

Eit barn kann godt bruka orda tvo, tre og fire rett
når det gjeld t. d. eple eller steg i ei trapp, men ikkje
når det gjeld augo eller hender. Um det kann greia »tvo«
eple det ser, so segjer det gjerne at det har fem augo eller
seks hender. Eit barn kann greia å bruka nokre tal rett
berre i visse tilfelle eller når det gjeld visse ting. Soleis
er det ei tid med svært mange born i alle fall. Og det er
ikkje berre når det spørst um tal me kann sjå noko slikt.
Eit barn kann vita at trøya er blå; men det kann ikkje
taka den blå trådhespa ut millom hesper av alle fargar.

Det er grunn til å tru at med barnet er det so ei
stund utover, at dei fleste fyrestellingar eller umgrep som
me skulde tru var abstrakte, t. d. »tvo«, »tre«, »fire« eller
»blå«, »stor« er bundne til ein viss ting eller visse tilfelle
for det fyrste. »Blått« er for veslegjenta ei tid den blå
vogga; »tvo« er tvo leikar ho har, »fin« er den nye kjolen.
Andre ting brukar ho kanskje ikkje desse orda um. Men
etter kvart vert fyrestellinga fest til fleire og fleire ting og
tilfelle. Og samstundes vert fyrestellinga liksom lausrivi
frå det sansingsgrunnlag ho alltid var knytt til i den
fyrste tid.

Ein vel kjend ting er og det, at barnet sin kunnskap
og åndelege arbeidsdugleik er so utrygg lenge. Ein dag
greier ein gut både tre, fire og fem kva ein prøver han
med. Dagen etter greier han berre fire, ja kanskje tek han
i miss når det kjem over tre. — Ord som eit barn ein
dag brukar heilt rett, hugsar det ikkje eit par dagar sei*
nare; eller det brukar dei gale. Ordet med den visse

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free